Program

Kva gjorde du for å forhindre klima- og miljøkrisa? Dette er spørsmål vi utan tvil vil bli konfrontert med, vi som stiller til val i haust.

 

Målet til Miljøpartiet Dei Grøne er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Vi må styre økonomien etter berekraftige prinsipp og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn som Vestre Slidre må byggjast på lokale ressursar som kan sikre sunn vekst. Vi vil arbeide for å styrke livskvaliteten i kommunen og stimulere til skaparkraft og kreativitet.

 

Vi tek mål av oss til å utforme ein heilskapleg politikk for notid og framtid, basert på tre grunnleggjande solidaritetsprinsipp: Solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar og solidaritet med dyr og natur.

 

 

Kommunale tenester

Kommunale tenester må vere lokalisert der folk bur. Livskraftige grender og lokal identitet er viktige prinsipp for MDG. Demokratiet må vere forankra i lokalmiljøet. Kommunen må bli langt meir ambisiøs når det gjeld å redusere klimautslepp.

  • Innføre klimabudsjett og klimarekneskap i kommunal sektor
  • Tilsetje ein klimarådgjevar i Valdres
  • Mest mogleg bruk av tre i nye kommunale bygg
  • Ta i bruk fleire fornybare energikjelder i kommunale bygg, til dømes solenergi
  • MDG Vestre Slidre vil bevare dagens kommunestruktur i Valdres.

 

Samferdsel og transport

Valdresregionen er stor, og mange pendlar til arbeid. Vi må leggje til rette for god kollektivtrafikk, av omsyn til miljø og tryggleik.

  • Vestre Slidre har ein stor andel som pendlar ut av kommunen. Vi vil jobbe for eit betre kollektivtilbod i Valdres.
  • Meir bruk av elbil og elsykkel i kommunale tenester.
  • Vestre Slidre må ha fleire ladestasjonar for elbil.
  • MDG vil ha fastpris på buss i Oppland fylke: 20 kroner opp til 50 kilometer, 50 kroner for reiser over 50 kilometer. Gratis for ungdom.
  • MDG vil jobbe for etablering av tilbringertenester til hytteområda, slik at hyttefolk lettare kan ta bussen til Valdres.

 

 

Landbruk

Vestre Slidre, med eit unikt og godt bevart stølsrike og gode beiteressursar i utmarka, har sjeldne vilkår for å utvikle eit berekraftig naturlandbruk som vil skape verdiar og sysselsetjing.

  • MDG Vestre Slidre vil ha eit strengt jordvern for å ta vare på dyrkbar mark.
  • Matjord er ein truga ressurs, og behovet for mat vil auke sterkt i åra som kjem. Vi krev at matjord som byggjast ned, blir erstatta av nye areal.
  • MDG ynskjer å vidareføre prosjektet «Huga på gard»
  • Vi vil arbeide for auka lokal foredling av mat.
  • Vi må ha fokus på bruk av lokale beiteressursar. For å støtte opp om potensialet i utmarksressursane vil MDG Vestre Slidre arbeide for at regionen ikkje skal få auke i rovdyrbestanden.
  • Ta i bruk GPS-baserte klavar (Nofence) på beitedyr for å redusere konflikter mellom dyr og hyttefelt. Finansiering av slik teknologi kan til dømes komme frå avsetningsmidlar frå hytteutbygging.
  • Vi vil sjå på moglegheitene for levering av lokalmat til hyttefolk, etter eksempel av Kollektivet i Oslo og andre som driv utkøyring av mat frå små produsentar.
  • Gjerdeplikta i utmark er viktig. MDG vil arbeide for betre oppsyn med gjerder i utmarksområde.
  • Det må gjevast løyve til å setje opp gjerde rundt hytter, for å unngå at beitande husdyr blir til plage.
  • MDG vil ha forbud mot sprøyting i utmark.
  • MDG vil ha meir samarbeid mellom landbruk og andre sektorar, til dømes skule, helse og barnevern.

 

Naturforvaltning

Statsallmenninga i Vestre Slidre byr på nokre av dei beste områda i Europa for ferdsel i open og tilgjengeleg natur. Her er det gode moglegheiter for å utvikle inntektsgjevande hytteliv, turisme og friluftsliv i pakt med naturen.

  • I område med høgt utbyggingspress er det viktig å ivareta område for landbruk, natur og fritid. Vi må prioritere beitedyr i enkelte område, og sørge for at nye hyttefelt ikkje kjem i konflikt med stølsdrift.
  • Vi jobbar for restriktiv hytteutbygging – fortette eksisterande felt framfor å ta i bruk nye område.
  • I framtidige kommuneplanar bør ein prioritere vern av utvalde område, med tanke på å bevare opprinnelege verdiar og kulturområder.
  • Attgroing er eit problem. Vi vil arbeide for eit program for vedhogst og krattrydding i fjellet. Dette kan skape arbeidsplassar, og vil sikre meir ope lende.

 

Skule og kultur

MDG Vestre Slidre vil jobbe for ein moderne skule med høg fagleg kvalitet. Vi vil spesielt fokusere på praktiske og skapande ferdigheiter i skulen. Landbruk og tradisjonelt handverk bør ha ein naturleg plass i skulen, men også moderne teknologi. Elevar må ta steget frå å vere passive konsumentar av datateknologi til å bli aktive skaparar.

  • Vi ynskjer å etablere skulehage, gjerne i samarbeid med frivilligsentralen, faglaga og lokale bønder.
  • Vi vil styrke elevane sin kjennskap til lokal matproduksjon. Gardsbesøk og torgdag kan vere aktuelle tiltak.
  • Det er viktig å sikre at skulen har ressursar til å oppretthalde eit godt tilbod i praktiske fag.
  • Programmering må inn i skulen.
  • Vestre Slidre og Valdres må bli betre på nyskaping og innovasjon. Vi støttar derfor etablering av kodeklubbar og skaparverkstader (makerspaces).
  • Vi ynskjer å oppretthalde eit sterkt kulturskuletilbod i kommunen, og å integrere tilbodet meir i elevane sin skuledag.