Målet til Miljøpartiet Dei Grøne er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Vi må styre økonomien etter berekraftige prinsipp og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn som Vestre Slidre må byggjast på lokale ressursar som kan sikre sunn vekst. Vi vil arbeide for å styrke livskvaliteten i kommunen og stimulere til skaparkraft og kreativitet. Vi tek mål av oss til å utforme ein heilskapleg politikk for notid og framtid, basert på tre grunnleggjande solidaritetsprinsipp: Solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar og solidaritet med dyr og natur.

Vil du hjelpe oss å gjøre et godt lokalvalg i Vestre Slidre?