Fotocredit:

Vestre Slidre MDG stiller liste til kommunevalet

Målet til Miljøpartiet Dei Grøne er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Vi må styre økonomien etter bærekraftige prinsipp og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn som Vestre Slidre må byggjast på lokale ressursar som kan sikre sunn vekst. Vi vil arbeide for å styrke livskvaliteten i kommunen og stimulere til skaparkraft og kreativitet.

Vi tek mål av oss til å utforme ein heilskapleg politikk for notid og framtid, basert på tre grunnleggjande solidaritetsprinsipp: Solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar og solidaritet med dyr og natur.

På toppen av sida finn du kobling til lokallaget sitt program. Godt val!

4. august, 2015

Ketil Rogn-Hamre er fyrstekandidat for MDG i Vestre Slidre. Han er kjend for dei fleste i kommunen og tek aktivt del i fleire lag og oganisasjonar. Ketil er gårdbrukar og lærar, og spesielt oppteken av at ungdomen må få god kjennskap til landbruk, bruk av verkty og praktiske fag.

Stein Leikanger er innflyttar på tredje året, men kjenner Valdres godt frå tiår med turar i stølsriket og fjella. Han er overtydd om at regionen kan by på gode løysingar som er relevante for komande miljø- og ressursproblem, i tråd med det grøne skiftet verda må gjennom.

Yvonne Tonnaer seier ho også er innflyttar, men etter 23 år på Vikabråten er ho blitt kjend for sitt arbeid med utvikling av gårdsmat og lokalmat gjennom bærekraftig landbruk. Ho er aktiv pådrivar for ein  livsstil i samarbeid med naturen og er blitt ein ressursperson for økologisk drift.